I år er vi stolte over å kunne presentere arbeidet til heile 14 kunstnarar frå inn- og utland.
Sjekk årets katalog for å lese meir om kvar enkelt.
Mariko Wada
MARIKO WADA (f. 1972) er ein japansk keramikar som arbeider med skulpturelle og abstrakte verk der ho utforskar korleis form, farge, rom og materiale formar sanselege opplevingar.Foto av Ole Akhøj
Trond Ansten
TROND ANSTEN (f. 1984) er biletkunstnar og naturforvaltar. Med bakgrunn som treskjerar, biolog og fangstmann utforskar han mennesket sitt forhold til naturen og ressursgrunnlaget.
Imi Maufe
IMI MAUFE (f. 1974) er ein biletkunstnar busett i Stavanger og Bergen. Maufe arbeider med kunstbøker, tekst, installasjonar, interaksjonar og performance.
Töddel
ROY HÅVARD LØSETH (f. 1973) er ein gatekunstnar frå Fjaler. Han starta med linoleumstrykk og stensilar under pandemien og har sidan utvikla ein karakteristisk stil prega av politisk engasjement, samfunnskritikk, humor og popkulturelle referansar.Foto av Kimani Rio
Marit Thingnæs
MARIT THINGNÆS (f. 1938) er ein norsk kunstnar busett i Vevring. Ho har gått på kunstskule i Førde og Kabelvåg (1990-92) og har sidan tidleg 1990-tal hatt ein aktiv praksis som biletkunstnar.
Terje Grimen
TERJE GRIMEN (f. 1989) er ein kunstnar som arbeider både i offentleg rom og innan biletkunst, gjerne under pseudonymet «Tegson». Med røter i Bergen sitt gatekunstmiljø frå tidleg 2000-tal har han utvikla eit særprega urbant uttrykk gjennom abstrakte veggmåleri.
John Cunningham
JOHN CUNNINGHAM (f. 1970) er ein britisk biletkunstnar busett i Kvinnherad. Han er ein sentral skikkelse i det norske gatekunstmiljøet og arbeider på tvers av medium som måleri, teikning, installasjon, performance og gatekunst.
Sayo Ota
SAYO OTA (f. 1982) er ein kunstnar født i Japan, basert i Tokyo, Nuuk og Oslo. Gjennom eit transkulturelt og historiografisk blikk utforskar Ota korleis handel, migrasjon og kulturell utveksling formar identitet, og undersøker spenningar mellom det varige og det forunderlege, samt det flytande narrative om samfunnskrefter.Foto av Sayo Ota
Gregory Idehen
GREGORY IDEHEN (f. 1988) er ein illustratør, animatør og biletkunstnar opphaveleg frå London. Med ei karriere på tvers av fleire fagfelt har han arbeidd med illustrasjon, animasjon og biletkunst.Foto av Roger Andre Vie Hansen
Philip Von Hase
PHILIP VON HASE (f. 1980) er ein tyskmøbeldesignar og handverkar busett i Bergen. Dei siste tiåra har han konsentrert seg om eigne, småskala produksjonar med tre som hovudmateriale. Verka hans oppstår ofte i eit designmessig møte mellom det konseptuelle, det fysiske og det psykologiske.
Damien Ajavon
DAMIEN AJAVON (f. 1990) er opprinneleg frå Paris, Frankrike, men er no busettog arbeidande mellom Noresund og Oslo. Som ein dedikert kunstnar er verka hens eit vitnesbyrd om personleg utforsking og ein lidenskap for å dele historier gjennom tekstila si transformative kraft og foranderlege eigenskapar. Foto av Niklas Hart
Eléonore Griveau
ELÉONORE GRIVEAU (f. 1994) er ein fransk keramikar. Samspelet mellom levande organismar og deira fysiske miljø har vore kjernen i Griveau si kunstnarlege forsking, og fører til skapinga av aktive objekt som utviklar seg mot sjølvøydelgging.
Ida Immonen _ foto av PAH foto RAM galleri
IDA SUVITUULI IMMONEN (f. 1992) er ein finsk tekstilkunstnar som bur og arbeider i Oslo. Immonen tek opp tema som feminisme, klima og overforbruk, samt mellommenneskelege kjensler. Ho formidlar tematikken gjennom materialval og spesielt gjennom plantane ho nyttar til farging.
Tuva Gonsholt
TUVA GONSHOLT (f. 1976) bur og arbeider i Skien. Gonsholt arbeider i grenselandet mellom natur, observasjon og glas, der ho kombinerer teknisk presisjon med eksperimentelle tilnærmingar til materiale, form og farge.
Sunnfjord Kulturskule
I år har Vevringutstillinga invitert Sunnfjord kulturskule til å vise eigen kunst. Dette er eit gledeleg samarbeid som knyter profesjonell samtidskunst saman med det lokale kunstmiljøet i Sunnfjord.
Graphics: Jonah Fedorczuk | Website: Ingvild Thingnes