background

Med fjorden som scene

"Røyst - høyrespel for fjorden" er eit bestillingsverk til årets Vevringutstilling i samarbeid med teaterfestivalen I Dale.

FRE/LAUR/SØN klokken 12:00
image

Desibel vart laga til Vevringutstillinga sitt
30-årsjubileum i 2009

Image

Då koronakrisa ramma, inviterte vi tre dramatikarar og to komponistar til å gå saman kvar for seg, om å lage eit høyrespel for Desibel* - verdas største mobile hornhøgtalar. Publikum kan reise ut i båtane sine, og oppleve verket frå ulike lytteposisjonar i Dalsfjorden.

Koronakrisa stopper ikke Desibel!

Dramatikarane Mari Hesjedal (Voss), Camara Lundestad Joof (Oslo) og Emma Crowe ( London/Dale) er tre unike og sterke stemmar i norsk og britisk dramatikk, som skriv frå kvar sitt perspektiv. Men i arbeidet med «Røyst» har dei, etter tur, vore på skriveopphald I Wenche Wefring sitt hus i Vevring i Sunnfjord, der hornet har sitt opphav. Dei har sitte i ved det same vindauget, sett ut over den same fjorden og elles hatt frie tøyler. (Kva gjer ei utsikt med korleis ein tenkjer? I verket «Røyst - eit høyrespel for fjorden», vil dei tre dramatiske tekstane tonesettast av komponistane Sjur Miljeteig og Terje Isungset.

“Publikum kan ro eller segle ut i fjorden til lyttarposisjonane. Verket kan og opplevast frå land. Verket kjem i tre delar. I pausene kan du forflytte deg og søke nye lyttarposisjonar - men gjer vel å slå av motoren under framføringa av verket. Ta gjerne med fiskestang og termos ! ”
Image
Desibel

Tekst: Camara Joof Lundestad, Mari Hesjedal, Emma Crowe. Musikk: Terje Isungset og Sjur Miljeteig. Konsept og produsent: Torkil Sandsund. Skodespelarar: Kyrre Eikaas Ottesten, Idun Losnegård, Reidun Melvær Berge.

Desibel vart laga til Vevringutstillinga sitt 30-årsjubileum i 2009, som eit kunstnarleg protest-verk mot den planlagde gruveprosjektet i Førdefjorden, av billedkunstnar Geir Hjetland i samarbeid med Bjørn Kobrek, Torkil Sandsund, Wenche Wefring og Maja Ratkje. Røyst er ein produksjon av Teaterfestivalen i Fjaler, med støtte frå Dramatikkens Hus og Teater Vestland, Norsk Kulturråd, Fritt Ord og FFUK.