Vevring og kunsten

 

Olav Thingnes driv matuak på fjorden til den store festen

Tida for Vevringutstillinga nærmær seg. Olav Thingnes driv matuak på fjorden til den store festen

 

 

 

 

Vi har og bryggja øl

 

 

 

 

 

 

Eg bakar bollar

 

 

 

 

 

 

Annette og Atle

I 1988 feira utstillinga 10-års jubileum. Rett nok eitt år for tidleg, men det var ikkje mindre festleg for det. Dei som stilte ut på første utstillinga var atter innbedde til å stille ut. Med god hjelp av Atle Wefring bygde Annette opp to installasjonar

 

 

 

 

 

Velkomst og fiskesuppe

Klokka seks møtast vi til Marit si fiskesuppe, heimelaga bollar og brød og informasjonsmøte.

 

 

 

 

 

 

Grafitti

Linus Hellberg och Mikael Gutmanovitz

 

 

 

 

 

 

 

Yttre Suløen Jazzensamble 1988Yttre Suløen Jazzensamble 1988

 

 

 

 

 

 

 

Vera Schekely

 

 

 

 

Claus Hake

 

 

 

 

 

  tilbake til publikasjonar
 
Uno Karlsson skriver i förordet

Det är inte lätt att berätta om Vevringutställningen, men jag gör det ändå, för det är trots allt mycket svårare att låta bli.  Jag gör det i boken Vevring og kunsten som gavs ut till 20-års Jubileet. 

För säkerhets skull har jag tagit goda vänner till hjälp, och vi skall tillsammans försöka förmedla de upplevelser vi haft i samband med Vevringutstillinga

– detta fantastiska arrangemang som är så oändligt mycket mer än en utställning. Köp boken så får du veta mer.

 

 

Olav:

Det er mykje arbeid. Det skal fiskast, gravast, røykast - det tek mykje tid. Fiskinga startar eg gjerne eit par månader før, når ein veit at det er fisk i sjøen, og for å gardere seg. Den fisken går i frysen. Er det bra med fisk å få rett føre utstillinga, så tek vi den. Den gir eit ferskare og betre råstoff. Silda og makrellen er og feitare ut på hausten.

 

 

Agnar:

Vi har og bryggja øl. I den første tida laga vi øl av ein sekk korn. No går det med to sekker. Ølet er viktig. Vi må syte for at det vert nok øl og godt øl. No er det ingen fare for at det skal verte for lite, for vi bryggjer 400 liter. Stort meir enn 300 liter går det ikkje med. Ei veke eller to framfor utstillinga er det dette det går i.

 

 

til toppen

 

 

Astrid Håland:

Eg er ein av dei som bakar bollar til Vevringutstillinga. Eg bakar 30. Det har eg gjort kvart år. Alle skal bake 30. Eg bur i Redalen, men utstillinga er viktig også for oss som bur der inne. Det er noko som vi er med på alle. Barna mine, Ole Johnny, Linda og Ann Kristin er også med.

 

 

Sarah:

Det er fint at vi brukar vårt eige miljø. Ein gong for året vert bygda her omskapt til eit eventyrslott. Det er det vi har sans for. Den helga vert alt annleis. Alle vert unge då. Det er ein festdag på line med 17 mai. Det samarbeidet bygda får til i denne samanhengen er ei stor oppleving i seg. Det er kanskje ein studie for ein sosialantropolog.

 

 

til toppen

 

 
Hanna Louise Thingnes:

Korleis vert Vevringutstillinga i år?  Ingen veit det enno. Dei som er med i nemnda har god kunnskap om kunstnarane som er inviterte, men veit ikkje nøyaktig kva dei har med her til bygda denne septem berhelga. Nokre av kunstnarane kjenner kvarandre. Dei fleste gjer det ikkje. Dei kjem til Vevring og skal stille ut i lag i eit skulehus bygd på 1960-talet. Korleis kan dette bygget, dei nakne murveggane i gongane, gymnastikksalen og scena verte galleri som yter kunsten rettferd? At dei tør. At vi tørr.

 

Torsdagen er utruleg spennande. Nokre av kunstnar- ane kom i går, har rusla rundt i bygget og i bygda. Dei andre kjem etterkvart utover ettermiddagen. Klokka seks møtast vi til Marit si fiskesuppe, heime- laga bollar og brød og informasjonsmøte. Vioppmo

-dar kunstnarane om å gå den runden dei besøkande vil ta når dei kjem i morgon. Dei startar i gymnastikk- salen går over scena og opp trappa til andre etasje. Det er viktig at nokre av dei er viljuge til å stille ut i gongen og biblioteket oppe( trappeavsats ), vidare nytte veggane i trappeoppgangen. Dei som besøkjer utstillinga tar heile runden, opptil fleire gonger.


Etter intens jobbing der ”riggegjengen” og utstillings- nemnda har vore i aktivitet saman med kunstnarane i mange timar, tar dei siste kvelden i totida om natta. Kunstnarane med beskjed om å stille kl.10.00 neste  dag. Då skal elevane her ved skulen få omvising, før det store innrykket til opninga kl. 11.00.


Fredag morgon kl. 08.00. Eg låser opp døra og ber i mitt stille sinn om at ingen telefonar må ringe den første timen. Eg såg forvandlinga i går kveld/natt. Eg opplever forvandlinga no. I fred og ro går eg rundt, set i spotlightane og nyt Vevrin-gutstillinga. Det er fantastisk og den første halve timen er berre min.
Etterkvart kjem fleire av lærarane og ungane. Det er ingen som spring i bygget denne morgonen. Barna beveger seg forsiktig mellom soklar med skulpturar, glas, keramikk. Når eg studererbarneansikta, kjen-

ner eg kor privilegerte vi er som får vere med på dette underet kvar haust.

 

 

til toppen

 

 

Linus Hellberg:

Det var pappa –Benny Hellberg– som pratat med kommittén i Vevring om att ha något för ungdomar till 20-årsjubileet. Kommittén tyckte väl att det var roligt och annorlunda med graffiti, så de bjöd oss att komma.
Ungarna gillade det vi gjorde,  kanske för att vi är ungdomar. Vi fick skriva en massa autografer. Vi hade aldrig målat för en konstutställning tidigare och det var roligare än att måla ett beställningsjobb, för man hade friare händer. Det var nervöst i början att måla inför så stor publik men det släppte snart.

 

 

Konserter:

Sia 1988 har det i tilknyting til utstillingane ved nokre høve vore arrangert konsert i Vevring kyrkje. Det har vore eit populært innslag som har gitt utstillinga ein
ekstra dimensjon.

 

1988: Yttre Suløen Jazzensamble.
1990: Mari Boine Persen.
1991: Gøran Fristorp.
1992: Eikanger/Bjørvik Musikklag.
1994: Tone Hulbækmo &  Hans Fredrik Jacobsen.
1996: Konsert med Sigvart Dagsland, Iver Kleive og lokalt kor.
1999: Arne Domnérus, saxofon og klarinet
Rune Gustafsson, gitar.
Kjell Öhman, piano.
Ane Persdotter Østby, vokalist.

 

Barneprogram og musikalske innslag på skulen:
1991: Barneprogram av og med Gilles Obermayer.
1992: Barneprogram av og med Marit Kleppe.
1993: David  Carlsson, gitar og song.
1995:  Mark Benton, spelte piano.
1999: Good Time Charlie, spelte til dans på løa.

 

 

til toppen

 

 

Britt:
Ei anna oppleving var då eg tok med Anna Schekely til Vevring. Dette menneske som opna augene mine for det å lage kunst, og kvifor gjere det. Ho kom til skulen i Bergen og gjorde eit sterkt inntrykk på stu- dentane mine. Det var helg og Vevring-utstilling. Vi tok båten til Florø. Igjen striregna det, men då vi kom inn i stova, til varme, Vevringmat og gode folk sa den gode Vera: This place you are showing me is incre-dible!

Dagen etter var ho i ølkjellaren saman med Ludvig Eikås som nok kunne kjenne denne kvinna sin karma. Og tru meg, denne kvelden let fela, og den gode Vera dansa! Tre månader etter fekk eg brev frå dottera hennar der ho skreiv at ho var død. I ettertid er det godt å vite at ho fekk oppleve Vevring.

 

 

Claes Hake:

Vevring lämpar sig bra för installationer eftersom landskapet här består av ett antal minirum. Det är en storslagen natur – storslagen men vänlig.

 

 

til toppen

 

 

Gerd Thingnes:

Før måtte vi reise til Oslo for å sjå ei utstilling. No kan vi sjå den her, og folk kan kome frå Oslo for å sjå og oppleve den spesielle utstillinsform vi har her. Og utstillarane kjem frå heile Norden, frå Danmark, Finland, Island og Sverige - til Vevring.

 

 

Geir Kalstad:

Då eg kom med i utstillingsnemnda i 87, kjende ikkje eg mykje bygdefolk. Men eg vart kjend med heile bygda på ein blunk. Det er flott å bu her. Det er sant det som er sagt om Vevring-utstillinga; her i bygda er ho større enn 17 mai. Dei siste 14 dagane før utstillinga kriblar det nedetter nakkehvirvlane. Det er spanande. Ikkje minst å treffe kunstnarane. Dei er så omgjengelege.

 

 
Grethe Heggelund:

Om nokon statleg styremakt skulle utlokalisert ei kunstutstilling, så hadde dei knapt kome på idéen å leggje den til avkroken Vevring.

 

 

til toppen